KONSERT PÅ LYSEBU

J. F. W. SCHLEGEl

SEMINAR OM STATSRETTSJURISTEN J. F. W. SCHLEGEL,
SCHÆFFERGÅRDEN, 8.-10.12.11

Professor Johan Friedrich Wilhelm Schlegel (1765-1836) var den leiande statsrettsjuristen i Danmark-Noreg frå slutten av 1700-talet og nokre tiår inn på 1800-talet. I samtida var han høgt verdsett. Mellom anna var han rektor ved universitetet. Men ettermælet er prega av at Anders Sandøe Ørsted var sterkt kritisk til delar av hans arbeid, samstundes som han underslo at han sjølv ofte brukte Schlegel ganske direkte.Schlegels skrifter og førelesingar må ha vore eit sentralt grunnlag for det norske grunnlovsverket i 1814. Praktisk talt alle embetsmenn utdanna frå universitetet i København måtte ha høyrt han og møtt han ved eksamensbordet, iallfall gjeld det dei 24 juristane som møtte på Eidsvoll. Svært mykje av den særleg franske, men og engelske statsrettsteori som synest å prege arbeidet på Eidsvoll må ha blitt formidla gjennom Schlegel.

Schlegels ”Naturrettens eller den almindelige Retslæres Grundsætninger”, 1. utg. 1798, 2. utg. 1805, er det sentrale arbeidet. Framstilling er prega av omfattande lesing og orientering i europeisk litteratur. Schlegel hadde m.a. studert i Göttingen, og han las og skreiv også på engelsk. Schlegels naturrett er sterkt Kant-influert, men i dei statsrettslege delane er det også mange andre påverknader.

I hans naturrettsbok kunne ein m.a. finne drøftingar av demokratispørsmål og anna som han tok opp reint teoretisk sidan han arbeidde under eineveldet, men som hadde produktivt potensiale langt utover det å vere teori. Også generelt i forhold til liberalisme i Norden vil det vere interessant å studere Schlegel.
Eit seminar om Schlegel bør ein halde fordi han var ein viktig tenkjar i si samtid, som har blitt ståande i skyggen, han var indirekte viktig i forhold til grunnlovsarbeidet på Eidsvoll (han skreiv og eit delvis grunnlovsutkast, men det er mindre interessant), han var ein sentral formidlar av Kant til Danmark-Noreg, og han var ein sentral formidlar av mykje anna statsrettsleg tankegods, som Montesquieu.

Seminaret skal samle rettshistorikarar, historikarar, filosofar og juristar, iallfall frå Danmark og Noreg, men truleg òg frå Tyskland. Hovudarbeidet på seminaret er å analysere iallfall tre element: Schlegels breie faglege europeiske bakgrunn, hans sjølvstendige formidling og omarbeiding av statsrettslege og filosofiske tankar, og kva for grunnlag hans arbeid la for grunnlovsarbeidet i Norge.

Av hans seinare arbeid er det grunn til å nemne ”Danmarks og Hertugdømmenes Statsret” frå 1827. Det kan vere at dette òg bør analyserast, men det har nok mindre dansk-norsk interesse.

Av litteratur om Schlegel kan nemnast: Lars Björne: Patrioter och institutionalister, band 1 av Den nordiska rättsvetenskapens historia (1995) s. 185-188, Ditlev Tamm (Stig Iuul) i Dansk Biografisk Leksikon (1983) og Ditlev Tamm/Ejvind Slottved: Det rets- og statsvidenskabelige fakultet 1. del, bd. VI.1 i Københavns Universitet 1479-1979 (2005) s. 129-132.

Professor Ola Mestad og  professor Dag Michalsen planlegg seminaret.